Sal 43,1–5
1 Hjelp meg til min rett og før mi sak
mot folk som ikkje viser miskunn!
Fri meg, Gud, frå menneske
som fer med svik og vondskap!
2 For du er mitt vern, Gud.
Kvifor har du støytt meg bort?
Kvifor må eg gå og syrgja
medan fienden plagar meg?
3 Send ditt ljos og di sanning,
lat dei leia meg
og føra meg til ditt heilage fjell,
til dine bustader.
4 Så kan eg gå til Herrens altar,
til Gud, mi glede og min jubel,
og syngja din pris til lyra,
Herre, du min Gud.
5 Kvifor er du full av uro, mi sjel,
kvifor stormar det i meg?
Vent på Gud! For endå ein gong
skal eg takka han, min frelsar og min Gud.